Tilbake

Historien til Erik

Hei Kasper;

“Eirik var ein veldig rolig gutt dei første 2 årene. Han åt, og sov slik han skulle. Eirik begynte i barnehagen når han var ca 2 1/2 år.

 

Starten av barnehagen gjekk greit, men etterkvart så fekk me beskjed at Eirik grein alt for mykje og alt for ofte i forhold til andre på sin alder.

 

Etterkvart utviklet dette seg, og Eirik var veldig ofte sint og frustrert heile dagen. Han fungerte dårlig i lag med dei andre ungane, og han reagerte veldig på lyder og lukter som var rundt han.

 

Siste barnehageåret gjekk me på eit foreldrekurs som var for barn med adferdsproblemer, COS.

Her lærte vi mykje om å tolke signaler, ( og feilsignaler ) som barn sender – og vi lærte også at i dei aller fleste situasjoner så er sinne eit feilsignal og at det som regel er redsel som utløyser dette ( kort fortalt ). Vi lærte da at vi måtte sette ord på følelsen som barnet viser, for å hjelpe barnet å kjenne igjen sin følelse. Det var i denne prosessen at vi forstod at hjernen til Eirik reagerte med overlevelsesinstinkt alt for ofte , og i situasjoner der ein normalt ikkje blir redd….der blei han veldig for sint ( les redd ). F. eks i gymtimer der det var mykje lyd og mangen regler å passe på. Han blei veldig snart stresset og mistet kontroll over følesane sine. Han klarte ikkje å regulere verken gråt eller sinne.

 

Eg starta da med å leite etter svar. Kvifor fungere ikkje hjernen til Eirik slik som den skal? Kvifor klarer vi ikkje å lære han at forskjellige situasjoner ikkje var “farlige”?

 

Eirk er veldig flink i skulesammenheng. Han lærer seg kjapt alle bokstavene, og liker veldig godt å rekne med høge tall. Han knekker også lesekoden kjapt. Men, så er det stopp. Han leser ein setning, så vil han ikkje meir. Vi oppsøker optiker, men dei finner at synet er godt.

 

Ein dag kjem eg over eit blogginnlegg der ei mor beskriver sin gut akkurat slik som vi opplever Eirik. Hennes sønn har vore på utredning hos ein kiropraktor som driver med funksjonell nevrologi. Det viser seg at denne typen barn ofte har mange spedbarnsreflekser som fortsatt er aktive og som skaper trøbbel både motorisk og i utviklingen av hjernen.

 

Vi bestemmer oss for å prøve dette – og våren 2013 har vi vår første time hos Kasper Andresen. Han sjekker Eirik og finner både aktive reflekser og at det er ein dysfunkjson mellom hjernehalvdelene. Dette finner han ut gjennom motoriske tester. Vi får enormt mange svar under denne første undersøkelsen, både Eirik og me som foreldre. Hjernen til Eirik demper ikkje inntrykk, verken dei som kjem inn gjennom syn, hørsel eller gjennom luktesans.. Ikkje løye at Eirik aldri har klart å ete i lag med andre som f. eks har salami på nista si! Det var ikkje Eirik som var vanskelig – det var hjernen som ikkje dempet “faresignalet”( den sterke lukta )! Synet blei også sjekket. Han klarte ikkje å fokusere i det heile. Han ser godt – men augene klarer ikkje å holde fokus. Er det derfor han ikkje klarer å lese? Vi får henvisning til ein optiker som er spesialist på samsyn – og ho finner at Eirik treng lesebriller. Kasper starter med behandling denne dagen.

 

Vi merker stor forskjell med ein gong. Eirk blei mykje meir harmonisk og glad. Han var fortsatt meir sint og frustrert enn sine gjevnaldrene – men no gjekk det over! Ettersom månedene gjekk, så skjer det ein stor forandring med Eirik. Han begynner å regulere følesene sine! Han takler meir ytre stress for kvar dag som går – og han begynner å lese! Motorikken blir merkbart bedre med ein gong. Vi får tilbakemeldinger fra skulen at lærarane merker stor forskjell. Det gjelder både på lesing, konsentrasjon og ikkje minst på det sosiale plan. Denne behandlingsformen har auka livskvaliteten til Eirik – det er det ingen tvil om. Eirik er no er svært sosial gut, som liker å vera i lag med andre, både på skulen og i fritida. Han speler fotball og går i korps. Det hadde ikkje vore mulig uten denne behandlingen.”

 

Mvh

Britt Jane Hansen=

Lukk meny